RAPPORT FRÅ ARRANGEMENT PÅ FRIMERKETS DAG 2025
På Frimerkets Dag 4. oktober 2025 hadde Stord frimerkeklubb stand for å markera dagen. Markeringa vart halden ved post i butikk (Extra) på Stord amfisenter, same staden som året før. Der deltok to av klubben sine medlemmer. Arrangementet varte frå klokka 10.00 og fram til klokka 14.00. Som i fjor vart klubben teken godt i mot av senterleiinga. Det var sett fram bord og stolar slik at det var god plass både for klubben og for besøkjande. Me profilerte klubben og orienterte om frimerkets dag og om eigne aktivitetar. Klubben hadde på førehand fått tilsendt dagens frimerke frå Frimerketjenesten og stempel frå Posten. Førstedagsbrev var laga til med klubben sin logo på konvolutten. Desse var for sal saman med eigne produkt frå klubben sitt lager. Salet var svært lite, men me traff ein del personar som tidlegare hadde vore frimerkesamlarar. Fleire av desse ville gjerne ha informasjon om korleis dei kunne få selt samlinga si. Atter andre lurte på korleis dei kunne bli av med samlingar dei hadde arva. I tillegg var det laga til ein gjettekonkurranse med spørsmål om frimerke.
Eit artig innslag vart det då eit knippe studentar dukka opp. Dei var heilt uvitande om kva frimerke er for noko. Dette er jo tankevekkjande med tanke på framtidige samlarar. Klubben sin møteplan vart gitt til dei som ville ha den og klubben si nettside vart informert om. Det var ein mykje folk i området, men interessa for frimerke er tydelegvis svært lita for tida. Dette er same erfaringa som me hadde i 2024. Arrangementet var kunngjort for klubben sine medlemmer med informasjon på klubbmøta, med eigne meldingar på telefon og på Facebook. Me fekk rett nok kontakt med ein del folk, men så langt har ikkje tiltaket gitt nye medlemmer. I alle fall fekk me vist lokalmiljøet at klubben framleis er aktiv. Det er berre å håpa at dei som var i kontakt med oss fortel om oss til andre som samlar frimerke.
Stord, 05.11.2025.
Nils Kåre Nysæter
Styreleiar SFK