Frimerkets dag på Stord
STORD
Frimerkets Dag (FD) 2026 den 3. oktober stelte Stord frimerkeklubb til eit offentleg arrangement. I år heldt me til på samme staden som dei to føregåande åra, men senteret har sidan sist endra namn til Thon Senter Stord. Dette er eit område i senteret der det kjem mykje folk forbi og ligg like ved ein daglegvarebutikk som også har Post i butikk. Tre frå klubbstyret var ansvarlege for markeringa og arrangementet varte frå klokka 10.00 og fram til klokka 14.00.
Klubben blir som vanleg teken godt i mot av senterleiinga. Senteret hadde sett fram bord og stolar slik at det var god plass både for klubben sine representantar og for besøkjande. Me fortalde om klubben sine aktivitetar og orienterte om frimerkets dag, noko Posten ser ut til heilt å ha slutta med. Post i butikk hadde ikkje ein gong dei nyaste frimerka som kom ut 2. og 3. oktober i år. Det er også beklageleg at Posten ikkje hadde informert dei andre Post i butikkstadene på Stord om kor FD vart markert. Ein av dei som kjøpte klubben sitt førstedagsbrev fortalde at dei hadde vore på to andre Post i butikk-stader før dei fann oss.
Som tidlegare år hadde klubben på førehand fått tilsendt dagens frimerke frå Frimerketjenesten og stempel frå Posten. Førstedagsbrev var laga til med klubben sin logo på konvolutten. Desse breva var for sal saman med eigne produkt frå klubben sitt lager. Salet var svært beskjedent, men me traff ein del personar som tidlegare hadde vore frimerkesamlarar, men me klarte ikkje å verva dei som nye medlemmar.
Me delte også ut litt materiell som me hadde fått tilsendt frå forbundet tidlegare. Dette var mellom anna informasjon om frimerkesamling og små posar med frimerke som me delte ut til barna som kom forbi. Me hadde også ein liten gjettekonkurranse som dei besøkjande kunne delta på.
Klubben sin møteplan vart gitt til dei som ville ha den og klubben si nettside vart det også informert om.
Det var ein mykje folk i området, men interessa for frimerke er tydelegvis svært lita for tida. Dette er same erfaringa som me hadde dei siste åra tidlegare.
Arrangementet var kunngjort for klubben sine medlemmer med informasjon på klubbmøta. I tillegg hadde me hengt opp plakat om arrangementet ei lita veka før.
Me fekk rett nok kontakt med ein del folk, men så langt har ikkje tiltaket gitt nye medlemmer. Likevel fekk me vist lokalmiljøet at klubben framleis er aktiv. Det er berre å håpa at dei som var i kontakt med oss fortel om oss til andre som samlar frimerke.
