Frimerkets dag i Ørsta
Søre Sunnmøre Filateli- og Samlarklubb feire Frimerkets dag2024 med stor, gratis Samlarmesse i Ørsta. 28 deltakarar frå Nordfjord
i sør til Romsdal i nord presenterte samlingar innan filateli, posthistorie, transporthistorie, skulehistorie, mekaniske modellar,
postkort, legobygging, radio, småbilar, musikkhistorie, fotballdrakter og diverse øvrige samleobjekt. Messa sette fokus på samlarglede med
presentasjonar, demonstrasjonar, bytehandel og salg. Det vart også laga til 30 konvoluttar med klubben sin gamle logo frå 1943 og eige førstedagsstempel på dagens to nye frimerkeutgåver. Alle vart selde.